OM OSS

Leirdalen Bre og Juv vart etablert i 2006 med brevanding på Tunsbergdalsbreen (ein brearm frå Jostedalsbreen) som hovudaktivitet. I 2008 vart aktivitetstilbodet utvida med juving i elva Leirdøla.

Fjellfiske er og ein aktivitet som har vore på programmet vårt. Dette er no ute, men framleis noko me kan tilby på forespørsel.
I 2017 skifta Leirdalen Bre og Juv namn til Fjord Active, og frå 2018 tilbyr me også ny aktivitet med fjellturar i i tilknytting til Sognefjorden.

Fjord Active er ei lita bedrift med målsetning om å ta med gjestane på aktivitetar som ligg i rolege omgivnadar for å sette opplevinga av naturen i fokus. Me ynskjer å gje deg eit minne for livet ved å oppleve norsk natur i små grupper og i private område som ikkje alle besøker.

Me har dei siste 12 åra spesialisert oss på turar som skal gje gjestene våre ei flott oppleving av Sognefjord-området, og tilbakemeldingar frå gjestene våre viser at dei set pris på dei rolege omgivnadane der ein går i eitt med naturen.